Pressemelding frå Helse Bergen: Frå 1. januar 2008 vil Akuttmedisinsk seksjon i Helse Bergen drifte
all ambulanseverksemd i Hordaland som ligg innanfor helseføretaket sine
grenser.
Då overtek nemleg Helse Bergen all ambulansekøyring i
Bergen kommune, og har med det overteke alle ambulansestasjonar i den
delen av Hordaland som soknar til helseføretaket. Ambulansetenesta blir delt inn i fem område; sentrum, nord, sør, aust og vest. Alle områda har fleire ambulansestasjonar.
– Samling betyr ikkje sentralisering, understrekar Guttorm Brattebø, leiar for Akuttmedisinsk seksjon i Helse Bergen.
–
Med den inndeling i område vi no iverksett trur vi ikkje at det vil bli
særleg skilnad i utrykkingstid frå den ordninga vi har i dag.
Han
forstår at enkelte er spente på korleis ambulansetenesta vil bli etter
omorganiseringa, men forsikrar at tenesta skal halde faglege mål.
– Vi skal bli endå betre og vi skal heile tida sørgje for å fylle den oppgåva vi har, seier han.
Kvalitetsreform I sentrum har
Bergen Brannvesen drive hovuddelen av ambulansetenesta på vegne av
Helse Bergen fram til no. Brattebø meiner samlinga av ambulansetenesta
er den største kvalitetsreforma som har skjedd i føretaket si historie.
–
Ei av dei største utfordringane i ambulansefaget er at den medisinske
utviklinga går så hurtig. På få år har personalet gått frå berre å
køyre bil til å gi medisinar og i stor grad gjere avanserte
undersøkingar ute i ambulansane. Ved å samle ambulansetenesta får vi ei
personalgruppe som utelukkande driv med ambulanse- og akuttmedisin,
påpeikar han.
- Dette er hovudårsaka til at Helse Bergen bør drive tenesta i eigen regi.
I tillegg peikar Brattebø på at Helse Bergen sit med det medisinske ansvaret uansett.
– Det vil også bli enklare å drive effektiv utnytting av personalet når Helse Bergen har alle ambulansane sjølve, seier han.
Erfaring frå felten Frå og med
årsskiftet får Helse Bergen om lag 60 nye tilsette innan Akuttmedisinsk
seksjon, dei fleste frå Bergen Brannvesen. Til saman vil meir enn 200
tilsette i helseføretaket vere involvert i ambulansetenesta. I tillegg
vil rundt 40 arbeide både i ambulansetenesta og i AMK. Dette ser
Brattebø som ein stor fordel.
– AMK får personale som har erfaring frå felten, noko som igjen vil gjere AMK betre, seier han.
Brattebø
trur òg at ei rotasjonsordning for dei tilsette, med vakter både i
sentrum og ved andre ambulansestasjonar, vil gje dei tilsette ei
breiare og meir komplett erfaring. I tillegg vil det gjere
ambulansetenesta som arbeidsplass endå meir attraktiv og spennande.
– Samlinga er både eit fagleg og organisatorisk løft, understrekar han.
I
samband med omorganiseringa har det blant anna vore gjennomført
rettleiarkurs for 22 ambulansearbeidarar. Desse skal spele ein
nøkkelrolle i ei målretta og felles satsing for å vidareutvikle
kompetansenivået i ambulansetenesta. Frå 2008 vil rettleiarane betjene
akuttambulansar i alle område av helseføretaket.
– Det å lære på jobben er kanskje den beste og mest effektive måten å lære på, seier Brattebø.
I tillegg er Helse Bergen den nest største lærebedrifta for ambulansefaget i Noreg, med 18 lærlingar. |