Another great RocketTheme Joomla Template brought to you by the RocketTheme Joomla Template Club.
   
    Ny førstehjelpsbok!

Samarbeidspartnere

   




 
 

Nyeste lenker

Oppfyller kravene Skriv ut E-post
lørdag 22. desember 2007
Pressemelding fra Sandøy kommune: Frå 01.01.2008 skal ambulansebåten Øyvon bemannast med ambulansepersonell i tillegg til det maritime mannskapet.

Det vil vere ein autorisert ambulansefagarbeidar, som har døgnkontinuerleg vakt, stasjonert på Steinshamn.  Etter oppdrag frå AMK-sentralen/legen skal ambulansepersonellet rykkje ut med bårebil og/eller Øyvon, og behandle og overvake pasientane til dei blir frakta over til annan ambulanse på Mordalsvågen eller Brattvåg.  Dette inneber ei etterlengta betring i akuttberedskapen i kommunen.  Sjølv om vi trur at oppgåva har blitt godt ivaretatt av helsepersonellet vi har hatt tilgjengeleg til no (hjelpepleiarar, sjukepleiarar og legar), kjem dette til å bli ei klar avlasting for oss - som tidlegare ofte har vore nøydde til å storme bort frå våre mindre akutte pasientar, eller rykkje ut i fritida vår.  Vi ser fram til denne nye ordninga som vil auke kvaliteten på helsetilbodet i kommunen ytterlegare.
 
 
Sven Walter
kommunelege


Ambulansebåten Øyvon


Fakta om båten  : overlevert november 1996

Lengde    : 60 fot

Passasjertal : 48

Motarar : 2 x 1250 HK Catepillar

Marsjfart : 33 knop

Toppfart : 38 knop

Fartsområde : Romsdal og Nordre Sunnøre

 

Øyvon er synonym med Sandøy kommune sin ambulansebåtteneste, og vert nytta til transport av eige helsepersonell samt pasientar på vegne av og i samarbeid med Nordmøre og Romsdal helseføretak

I legevaktsamarbeidet mellom Sandøy, Aukra og Midsund har Øyvon både eit beredskaps- og transportansvar.

I tillegg til reine ambulanseoppdrag, vert båten nytta som samfunnsbåt. Det vere seg skuleskyss eller charteroppdrag.

Private oppdragsgjevarar kan kontakte vakthavande skipper på telefon 95 08 17 00.   

Kilde: Sandøy kommune


 
Neste >