| Ambulansen i Eksingedalen vert lagt ned |
|
|
| torsdag 20. desember 2007 | |
Vaksdalsposten: Frå basen sin på Høvik har Laila Bolstad og Bjørn Eikefet drive
ambulanse i Eksingedalen og Modalen i snart 10 år. Frå nyttår vert
ambulansetenesta for dei to dalane lagt ned, forhandlingane med Helse
Bergen har ikkje før fram.
Sambuarparet på Høvik fortel at det er dei økonomiske vilkåra som no ikkje lenger er til stades for at dei klarer å oppretthalda denne tenesta. Helse Bergen har tilbydd dei to 700.000 kroner i året for å driva ambulansen vidare. Dette er omtrent same summen som ein har fått i år. — Og dette vert for lite til at me no greier å oppretthalda ein full beredskap med vakteneste 24 timar i døgeret gjennom heile året. Me har rett nok fri kvar tredje helg, ein nabo tek vakta vår då, fortel Laila Bolstad. Les mer i Vaksdalsposten. |
| < Forrige | Neste > |
|---|



