| Mann (45) døydde etter politisjekk |
|
|
| tirsdag 11. desember 2007 | |
Bergens Tidende: Ein sterkt rusa mann døydde fredag kveld på Halhjem. Vel ein time tidlegare vurderte politiet tilstanden hans, la han i stabilt sideleie og drog sin veg.
Fleire vitne skal ha reagert på at politiet ikkje tilkalla profesjonell hjelp til den rusa 45-åringen. Då politi og ambulanse rykte ut noko over ein time seinare, var det for seint. Mannen døydde trass iherdig innsats frå publikum og hjelpeapparat. Ringde politiet Kapteinen var usikker på om dei var i stand til å ta vare på seg sjølve, og ringde politiet. Det stadfestar Geir E. Aga, administrerande direktør i Tide Sjø på vegner av kapteinen overfor Bergens Tidende. Mannskapet fekk vita at politiet såg til dei to mennene medan ferja var på veg tilbake til Tysnes, opplyser Aga. Medan politiet var hos 45-åringen, kom Siri Vermedal (22) med rutebuss til Halhjem ferjekai for å ta ferja til Våge. Då var klokka 21.45. I rundt ti minuttar observerte ho dei to rusa mennene og to politimenn på venterommet. – Den eine greidde korkje å stå eller sitja. Han kunne ikkje halda seg oppreist åleine. Då dei sette han på benken, tippa han framover så dei måtte ta imot han. Politiet la han då i stabilt sideleie på golvet, seier Siri Vermedal. Ifølgje Vermedal var han bevisst, og snakka ganske høglydt. Men han virka svært rusa. Les mer i Bergens Tidende |
| < Forrige | Neste > |
|---|



