Another great RocketTheme Joomla Template brought to you by the RocketTheme Joomla Template Club.
   
    Ny førstehjelpsbok!

Samarbeidspartnere

   




 
 

Nyeste lenker

Dekka var godkjende Skriv ut E-post
onsdag 07. november 2007
Sogn Avis: Dekka til ambulansen som køyrde i elva på Indre Hafslo, var godkjende for tre veker sidan.

– For tre veker sidan vart det lagt om til vinterdekk. Då vart dekka viste fram til godkjend bilverkstad og våre dekk vart godkjende, seier ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde.

– Alvorleg hending

I går var representantar frå ambulansetenesta til Helse Førde i Luster for å kartleggja situasjonen rundt ulukka måndag ettermiddag der ein ambulanse med tre personar køyrde i elva på Indre Hafslo.

– Me tek eikvar ulukke veldig alvorleg, både i forhold til bilen som arbeidsstad og pasientar og tilsette, seier Sægrov

Godkjende dekk

Sogn Avis observerte på staden at vinterdekka ambulansen var utstyrt med, hadde nedslitne og manglande piggar.

Les mer i Sogn Avis

 
< Forrige   Neste >