Another great RocketTheme Joomla Template brought to you by the RocketTheme Joomla Template Club.
   
    Ny førstehjelpsbok!

Samarbeidspartnere

   




 
 

Nyeste lenker

I elva med slitne piggdekk Skriv ut E-post
onsdag 07. november 2007
Sogn Avis: Om lag halvparten av piggane er vekke frå dekka til ambulansen som skal utføra livsviktige oppdrag for Helse Førde på smale og glatte vintervegar i Sogn.

Litt før klokka 14 i går ettermiddag hamna ambulasen utfor riksveg 55 ved Lambhaug og i Marheimselvi. Lukkelegvis vart ingen av dei tre personane i ambulansen alvorleg skada. Alle tre vart køyrde til legesjekk etter den dramtiske utforkøyringa.

Mista kontrollen

Ambulansen som var ute på vanleg transportoppdrag med ein pasient, har mista kontrollen på slapseføret i den slake venstresvingen. På veg mot Gaupne og Marheimsgjelet har det høgre hjulparet kome utanfor vegkanten, brasa gjennom rekkverket og i elva.

Truleg har rekkverket ved avkøyrsla til Sviggum dempa farten mykje og hindra eit meir alvolreg utfall.

Dårlege dekk

– Du kan no sjå sjølv, seier politioverbetjent Svein Inge Harberg til Sogn Avis når me spør han om standarden på dekka Helse Førde-ambulansen er utstyrt med.

Les mer i Sogn Avis

 
< Forrige   Neste >