|
Nye rutinar for ambulansane |
|
|
|
tirsdag 25. september 2007 |
Firda: Helse Førde har utarbeidd nye retningslinjer i ambulansetenesta etter klagene den siste tida. No blir mellom annan bruken av tobårebilen skjerpa.
Helse Førde sin praksis med to pasientar i ambulansane og bilbyte undervegs, har vekt sterke reaksjonar den siste tida. Måndag var ambulansearbeidarane i møte med adm.dir. Jon Bolstad og leiinga av ambulansetenesta. Dei kravde nye rutinar, og fekk svar. – Vi hadde ein god diskusjon og har blitt einige om nye retningslinjer. For oss er dette udelt positivt, sa John Ellingsund, tillitsvalt for ambulansearbeidarane i Helse Førde. Diskuterte tobårebilen Gamle retningslinjer blir no stramma opp og utkast til nye har komme til etter møtet. Den mykje omtalte tobårebilen blei diskutert, og det har no kome klarar retningslinjer på bruken av den og kva slags pasientgrupper som skal køyrast i lag i den. Ifølgje avdelingsdirektør Terje Olav Øen, gjeld retningslinjene primært dei planlagde turane med bilen. Les mer i Firda |