Another great RocketTheme Joomla Template brought to you by the RocketTheme Joomla Template Club.
   
    Ny førstehjelpsbok!

Samarbeidspartnere

   




 
 

Nyeste lenker

Saneringseininga oppdaterer kompetansen Skriv ut E-post
tirsdag 25. september 2007
Helse Førde HF: For å halde oppe kompetansen i saneringseininga har ambulanse- og akuttpersonell i Helse Førde denne veka halde kurs.

Kurset oppdaterer personalet i korleis dei skal handtere kjemiske katastrofar i Sogn og Fjordane. Denne gongen var kurset ved ambulanseteneste sine lokale på Tefre i Førde. Lærdal og Eid står for tur for opplæring.

Saneringsteamet har dei siste åra blitt kalla inn tre gonger til reell utrykking. Dette er ”for lite” og må difor tidvis halde kompetansen i hevd ved jamleg trening.

Etter å sett opp saneringsteamet si vogn, teltet på plass, og verneutstyret er på personalet, er det klart for å reingjere personar for kjemisk påverknad på kroppen.

Teamet har eit ”løypeband” der dei først klipper av pasienten sine klede. Deretter blir han grundig vaska og skura før tredje steget som er å tørke vedkomande.

Saneringsteamet har eige måleutstyr som måler om det framleis er kjemiske stoff på huda til pasienten. Dersom pasienten har meir kjemiske stoff på kroppen må saneringsteamet gjenta heile prosedyren på nytt. Når han er fri for kjemi så blir han boren til sjukebilen og sjukehus er neste steg.

Deltakarane på kurset testar og gjennomgår alle detaljar for at folket i Sogn og Fjordane skal få god behandling dersom ei ulukke skulle skje og nokon av oss får kjemiske stoff på kroppen.

– Bakgrunnen for Saneringsteamet er nok 11. september, seier kursleiar Tomas Marcinkowski i ambulansetenesta i Helse Førde.

Han fortel også at dei tre sjukehusa i fylket har 12 drakter kvar til bruk i Saneringsteltet. Bilen til saneringsteamet er stasjonert i Førde.


 
< Forrige   Neste >