Another great RocketTheme Joomla Template brought to you by the RocketTheme Joomla Template Club.
   
    Ny førstehjelpsbok!

Samarbeidspartnere

   




 
 

Nyeste lenker

Ønskjer gjennomgang av ambulansesakene Skriv ut E-post
tirsdag 25. september 2007
Helse Førde HF: Adm. dir Jon Bolstad i Helse Førde ønskjer ein gjennomgang av ambulansesakene som har kome opp i media den siste veka. Føretaket skal også vurdere endra rutinar for flytting av pasientar.

- Når vi ser at pasientar og pårørande opplever hendingar som uverdige, så er det grunn til å stoppe opp og gå gjennom rutinane våre. Eg ønskjer difor ein gjennomgang saman med leiinga i ambulansetenesta, tillitsvalde og vernetenesta, seier Jon Bolstad.

Han har forståing for kritikken som er sett fram den siste veka.

- Det er viktig at det blir sett søkelys på desse sakene, og vi tar dette svært alvorleg.

Ambulansetenesta til Helse Førde har over 11.000 oppdrag kvart år. I tillegg har vi koordinering av vel 27.000 pasienttransportoppdrag og dette saman med lokale drosjeturar utgjer samla kring 100.000 pasienttransportar årleg.

Ambulansane skal dekke eit stort og til dels grisgrendt område og gje tilgang til gode akuttenester.

- Eg veit kor utfordrande det er å få endane til å møtest, men pasientane må gå framfor alle andre omsyn. Ambulansetenesta har sjølv gripe tak i dette på ein god måte, og eg føler meg trygg på at vi skal få til forbetringar.


 
< Forrige   Neste >