Another great RocketTheme Joomla Template brought to you by the RocketTheme Joomla Template Club.
   
    Ny førstehjelpsbok!

Samarbeidspartnere

   




 
 

Nyeste lenker

Tilsette kjenner seg mobba Skriv ut E-post
mandag 24. september 2007
Firda: Ambulansetenesta i Helse Førde har vore i hard vêr den siste veka, etter ei rekkje avsløringar i Firda. No kjenner dei tilsette presset.

– Eg føler tilliten til oss blir svekkja. Det er veldig tungt. Du bruker veldig mykje energi og tenkjer veldig mykje på negativiteten, seier Kjartan Heggø, tillitsvald for ambulansepersonell i Helse Førde til NRK Sogn og Fjordane.

Helse Førde har måtte tole kritikk etter at Firda førre tysdag fortalde om Solveig Løvik Norevik som ikkje fekk følgje med sin dødsjuke ektemann i ambulanse. Pasientar har måtte dele ambulanse, eller byte bil midtvegs i etappen til sjukehuset, og tilsette ved ein av ambulansane er under politietterforsking etter det som kan vere medikament på avvegar. Og alle dei lokale sakene kjem etter Ali Farah-saka frå Sofienbergparken i Oslo alt hadde sett ambulansetenesta i dårleg lys.

Les mer i Firda

 
< Forrige   Neste >