| Mange klager på ambulansen |
|
|
| fredag 21. september 2007 | |
NRK Sogn og Fjordane: På få år har Helse Førde gått frå null til sju klager på pasientransporten.
Verst er det i år. Så langt i 2007 har pasientombod Ove Mjåtveit fått inn heile sju klager. Han stiller spørsmål ved det tilbodet som helseføretaket gjev pasientane i fylket. - Det er nærliggande å tenke seg at det har skjedd ei endring i tilbodet og at folk reagerer på det tilbodet, seier han. Verst i Sogn og Fjordane Frå 2003 til 2005 mottok han ingen klager. I fjor kom det to klager på skrivebordet hans. Til samanlikning har Hordaland, eit fylket som har fire gonger fleire innbyggjarar enn Sogn og Fjordane, også fått inn sju klager i år. Les mer på NRK Sogn og Fjordane |
| < Forrige | Neste > |
|---|



