Another great RocketTheme Joomla Template brought to you by the RocketTheme Joomla Template Club.
   
    Ny førstehjelpsbok!

Samarbeidspartnere

   




 
 

Nyeste lenker

Bryt lova for å med pårørande i ambulansen Skriv ut E-post
fredag 21. september 2007
Firda:  Nye ambulansar registrert for fire personar, skapar problem. Stadig vekk køyrer ambulansearbeidarane med overlast for å få med pårørande.

– Klart det er ei belastning å vite at eg bryt lova når eg køyrer med overlast for å få med pårørande, seier John Ellingsund, tillitsvalt for 70 ambulansearbeidarane i Helse Førde.

Går noko gale, så er det nemleg ambulansearbeidarane som står til ansvar.

– Vanskeleg å seie nei

Det er ti av dei nye ambulansane til Helse Førde som til tider set helsepersonellet i ei vanskeleg knipe, både med lova, dei pårørande og seg sjølve.

– Med ein pasient, to ambulansearbeidarar og eventuelt ein lege, er det i utgangspunktet ikkje plass til pårørande. Ofte set dette oss i eit etisk dilemma. Det er vanskeleg å seie nei til pårørande, men det er også vanskeleg å ta dei med, fortel Ellingsund som fleire gongar har køyrt med for mange personar om bord.

Den tillitsvalde meiner det er ulik praksis blant dei andre kollegaene hans, men at det ikkje er uvanleg å køyre med overlast.

Om pasienten i tillegg er under 15 år, er det eit krav at pårørande skal få vere med.

Les mer i Firda

 
< Forrige   Neste >