| Uendra ambulanseteneste |
|
|
| torsdag 20. september 2007 | |
Øyavis: Det er Lars Erik Sjømæling i Helse Midt-Norge som seier dette til Øyavis. -Tenesta skal vere som den er i dag, fastslår han. Det var eit oppslag i Romsdals Budstikke i slutten av august som skapte
oppstyr om den framtidige ambulansetenesta.
Budstikka konkluderte mellom anna med at ambulansebåten «Dr. Riiber» frå nyttår skulle flyttast til Sundsbøen. Sjømæling stadfester at Helse Midt-Norge i samband med anbodsutlysinga ba om tilbod der både båt, bil og ambulansepersonell vart samlokalisert anten på Sundsbøen eller Aukrasanden. -Dagens ordning er akseptabel, sjølv om det har vore ein del klager frå befolkninga på Gossen, men vi må heile tida vere på utkikk er forbetringar. Derfor ba vi tilbydarane kome med ulike løysingsforslag, seier Sjømæling. Les mer i Øyavis. |
| < Forrige | Neste > |
|---|



