Another great RocketTheme Joomla Template brought to you by the RocketTheme Joomla Template Club.
   
    Ny førstehjelpsbok!

Samarbeidspartnere

   




 
 

Nyeste lenker

Ambulansepersonell vert etterforska Skriv ut E-post
torsdag 20. september 2007
NRK Sogn og Fjordane: Ein person blir etterforska av politiet, mistenkt for å ha stole narkotiske medikament frå ambulansen i Gloppen.

Eit vaktlag ved ambulansen i Gloppen er teke ut av teneste. Årsaka er at ein av dei to personane i laget er under politietterforsking, mistenkt for å ha stole narkotiske medikament frå ambulansen.

Avdekka i sommer

Verken Fylkeslegen eller politiet vil seie noko om kvifor personellet blir etterforska. Men ifølgje kjelder som avisa Firda har snakka med, er det medisin med narkotisk innhald som er på avvege. Klinikksjef i Helse Førde, Terje Olav Øen, stadfestar til NRK Sogn og Fjordane at episoden vart oppdaga i sommar.

- Vi avdekka ved tilsyn i sommar ein situasjon som ikkje er i samsvar med interne retningslinjer og regelverk. Det har gjort at vi har teke to av våre ambulansepersonell ut av teneste, seier han.

Les mer på NRK Sogn og Fjordane

 
< Forrige   Neste >