|
fredag 05. januar 2007 |
Sunnhordland: Fitjar-ordførar Agnar Aarskog meiner Helse Fonna-direktør Johannes
Kolnes er dårleg til å rekna. Det tek meir enn 40 minutt med ambulanse
frå Fitjar til Haugesund. Dersom Stord sjukehus skal stengja i sommar,
vil ordføraren krevja betre beredskap.
- Me har ikkje stasjonær ambulanse i Fitjar. Det vil seia at når
alarmen går må ambulansen koma frå Leirvik, køyra ut til Fitjar, og så
køyra til Haugesund. Det tek mykje meir enn 40 minutt, seier Aarskog.
Han meiner Tysnes og Kvinnherad kjem i same situasjon.
Les mer i Sunnhordland. |