Another great RocketTheme Joomla Template brought to you by the RocketTheme Joomla Template Club.
   
    Ny førstehjelpsbok!

Samarbeidspartnere

   




 
 

Nyeste lenker

Sentralisert kvalitet Skriv ut E-post
lørdag 12. august 2006
Leder i Firdaposten: Vi som bur i tettstadene i fylket, tek det som sjølvsagt at dersom nokon blir livstrugande sjuk, så rykker vakthavande lege ut i lag med ambulansepersonell.

Ambulansepersonellet i distriktet gjer ein samvitsfull og prisverdig innsats for å gjere det beste for pasientane. Men på grunn av sparetiltaka i Helse Førde, skal ikkje ambulansen i ytre køyre pasienten heilt fram til sjukehus. I nokre tilfelle blir pasienten flytta frå ambulansebilen til ei ny båre på ein ambulansebåt og på ny lasta om til ambulansebil frå Florø til Førde.

For ein pasient med enorme smerter, kan dette vere ei grusom oppleving. Særskilt fordi ambulansepersonell har ei avgrensa mengde morfin dei kan gje. Dersom pasienten har ein type smerte som morfin ikkje hjelp mot, så er det ingen lindring å få. Det finst alternative smertestillande midlar, men dei har leiinga i Helse Førde vedteke å ikkje bruke.

Les mer i Firdaposten.
 
< Forrige   Neste >