Another great RocketTheme Joomla Template brought to you by the RocketTheme Joomla Template Club.
   
    Ny førstehjelpsbok!

Samarbeidspartnere

   




 
 

Nyeste lenker

Helse Bergen seier opp Fedje-ambulanse Skriv ut E-post
onsdag 24. mai 2006
Nordhordland: Helse Bergen (HB) seier opp ambulanse-avtalen med Stig Øien på Fedje. Helseføretaket bed kommunen finna fram til ei billegare ordning, men driftssjef Grethe Herøy vil ikkje ha noko av at HB legg ansvaret over på kommunen.

– Ei kommunal løysing kan bli både dyrare og dårlegare enn den vi har i dag. Vi er opptatt av at ambulansetenesta skal oppretthaldast på dagens nivå utan at det kostar kommunen noko. Den kompensasjonen Helse Bergen har antyda overfor oss, står ikkje på nokon måte i forhold til kva det faktisk vil kosta oss å administrera ambulansen-tenesta, seier Grethe Herøy.

Driftssjefen i Fedje kommune presiserer at ambulansetenesta er ei statleg oppgåve.

– Vi har ei kjensle av at Helse Bergen prøver å velta over på oss ei oppgåve som dei sjølv har ansvaret for, seier Herøy.

Ho meiner det ville vera svært urimeleg om Fedje må ta ein del av kostnaden med ambulansetenesta når det er helseføretaket som finansierer og har ansvaret for ambulansedrifta i resten av området.

Les mer i Nordhordland

 
< Forrige   Neste >