|
Nye krav, men ingen pengar |
|
|
|
onsdag 19. april 2006 |
NRK: Fleire kommunar reagerer på at det no blir stilt krav om å ha helsepersonell om bord i ambulansebåtar, utan at det er løyvd pengar til ei slik ekstrabemanning.
I eit brev til helseforetaket seier Sandøy kommune frå seg ansvaret dersom noko skulle skje ombord.
Skipsførar Kjartan Morsund på ambulansebåten "Øyvon" i Midsund etterlyser eit klart svar om korleis dette skal løysast, og kven som skal betale.
Ambulansebåten "Øyvon" har eit mannskap på to personar, men ingen av dei har helsefagleg kompetanse.
I ei forskrift som kom i fjor blir det stilt krav om å ha to personar med helsefagleg bakgrunn ombord. Les mer på NRK |